Senteret sitt bannerbilde

Ulstein legesenter

Velkomen til heimesidene våre. Vi ønskjer å gjere kontakta med oss så enkel som råd.
Når du ringer er det viktig at du fortel legesekretærane våre kva det gjeld. Dei kan ofte hjelpe deg, og dei må også prioritere kva telefonar legane må ta. Som oftast vil legane ringe deg rundt lunsj, mellom 11.30 og 12.00 eller mot slutten av arbeidsdagen, etter kl 15.00.
Det er stor trafikk på sentralbordet vårt og derfor av og til ein del ventetid. Dersom det er samtalar som hastar svært mykje, så kan du ringe legevaktsentralen 116 117. Dei har ei direkte linje inn til oss.
Du kan også bestille time, fornye reseptar og liknande via SMS. Sjå ramma til høgre.

Illustrasjon eller bilde for senter