Senteret sitt bannerbilde

Hvordan bestille time?

Det er mange som kontakter oss, og det kan dessverre av og til vere litt ventetid på telefonen. Om du vil gjere det enkelt og spare tid kan du nytte deg av SMS-meldingar til oss. Start meldinga med ULSTEIN, navnet ditt, fødselsdato og stikkordmessig kva meldinga gjeld, og send meldinga til 2097.
Døme på ei melding kan vere:
ULSTEIN Ola NORDMANN 040519 Vond hals. helst time i dag.
ULSTEIN Ola NORDMANN 040519 Ny resept på blodtrykksmedisin
ULSTEIN Ola Hansen 040519 Time hos fastlegen min ved høve
Kvar melding koster 6 kroner som blir belasta telefonrekninga di.
Meldinga kan sendast når som helst på døgnet. Vi sjekker meldingane kvar morgen og fleire ganger dagleg mandag til fredag, og sender svar så raskt som mogleg.

Avbestille time, eller endre timeavtale

Ring oss eller send ULSTEIN navnet ditt og fødselsdato med avbestilling eller ønske om endring av time til 2097. Legen kan ta seg betalt for manglande frammøte og avbestilling seinare enn 24 timar før avtalt tid.

Hvordan bestille resepter på faste medisiner?

Du kan bestille reseptfornying på faste medisinar over telefon eller SMS:  Send SMS ULSTEIN navn fødselsdato og kva medisin det gjeld.
Reseptar bestilt før klokka 11 kan normalt hentast på apotek etter kl 15.00. Reseptane vert sende elektronisk til resptformidlaren, og det betyr at medisinen er tilgjengelig hos alle valgfritt apotek.  Hugs å bestille reseptar i god tid, særleg før ferie og helilagdagar.

Vaksinering

Influensavaksinasjon.

Influensavaksinasjon kan utføres hos oss, og prisen for vaksina er 150 kr.

Personar i desse gruppene blir særleg tilrådde å ta influensavaksine:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3.trimester)
  • Barn og vaksne med: diabetes mellitus, type 1 og 2, kronisk luftvegssjukdom, kronisk hjarte- og karsjukdom, kronisk leversvikt, kronisk nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsatt infeksjonsforsvar, svært alvorlig overvekt (BMI over 40), annan alvorleg eller kronisk sjukdom.

Meir informasjon om influensa og vaksine, finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider: www.fhi.no/influensa

For reisevaksinasjon, må ein bestille time med fastlegen.